[ad_1]
– Dersom det er gode personar som ikkje blir valde grunna feil partipolitisk farge er det uheldig, seier Eivind Smith, professor i offentleg rett.
Høie, Botten og Carlsen blir fylkesmenn i høvesvis Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland, trass i at dei to førstnemnde ikkje kan starte i dei nye jobbane sine før om tre år. Høie og Botten er nemleg stortingsrepresentantar fram til 2021, om dei ikkje sit i regjering, slik Høie gjer no.
– Ein stilltiande avtale
Å vere fylkesmann betyr at ein er kongen og dermed regjeringa sin representant i fylka. Det er ingen regel som seier at det er eks-politikarar som får desse jobbane. Men slik er det oftast.
Og ifølgje Sunnmørsposten sin kommentator Geir Strand er det ein «stilltiande avtale» mellom partia at dei største partia skal ha flest fylkesmenn, medan dei minste partia skal ha nokre.
Men i og med at ein med ny regioninndeling går frå 18 til 10 fylkesmenn betyr det at dei minste partia er sjanselause til å få meir enn éin.
At Valgerd Svarstad Haugland skal bli ny fylkesmann i Oslo og Viken kan dermed ha vore ein grunn til at May-Helen Grimstad Molvær, med 16 års stortingsbakgrunn for KrF, ikkje når opp i Møre og Romsdal.
– Det er openbert at partipolitisk samansetjing for fylka totalt sett spelar inn. Det er tradisjon for ein viss balanse, seier Bernt Aardal, valforskar og professor.
– Følast urettferdig
Eivind Smith fortel at det for 15–20 år sidan var nokre regjeringar som begynte å utnemne også ikkje-politikarar til stillingane som fylkesmenn, men no har ein gått tilbake til den gamle metoden.
– Det viktigaste er at det er godt eigna personar som får jobben. Politisk erfaring kan vere ein god eigenskap, men det må heller ikkje vere den einaste eigenskapen, meiner Smith.
– Det følast nok urettferdig ut for dei som ikkje når opp, supplerer Bernt Aardal.
Alle unntatt Sp og SV
Tre tidlegare Høgre-politikarar, tre frå Ap, to frå Frp, éin frå Venstre og éin frå KrF har dei nye fylkesmannsstillingane etter at dei nye regionane er klare 1. januar 2020 (og dei siste har kome tilbake frå Stortinget eller regjeringa hausten 2021).
Det betyr at alle partia over sperregrensa med unntak av Senterpartiet og SV er representerte.
Ser ein på denne oversikta kan ein forstå kvifor ein person som May-Helen Molvær Grimstad med sine 16 år på Stortinget for KrF, eller den tidlegare Venstre-representanten Pål Farstad, som også søkte, ikkje nådde opp i Møre og Romsdal.
Når det er sagt har også Else May Botten, som fekk jobben, vore fast stortingsrepresentant for Ap sidan 2009.
– Eg ønskjer den nye fylkesmannen lykke til med ein spennande og interessant jobb, kommenterer May-Helen Molvær Grimstad.
PS. Tidlegare statsråd for Frp, Solveig Horne, var ein av søkarane til stillinga i Rogaland.
[ad_2]
Source link