Hareide og Ropstad i duell før thrilleravstemming – NRK Hordaland – Lokale nyheter, TV og radio



[ad_1]

Det skal veljast 14 delegatar frå Hordaland når fylkeslaget no er samla til ekstraordinært årsmøte på Sotra. Partileiarens heimfylke har den nest største delegasjonen til landsmøtet.

Også fire andre fylkeslag i KrF er samla denne laurdagen.

Kva delegatar dei vel til det ekstraordinære landsmøtet i KrF 2. november, vil avgjere om Erna Solberg (H) får halde fram som statsminister, eller om Knut Arild Hareide får det som han vil, og dannar regjering med Jonas Gahr Støre (Ap).

– Det minst trygge er å halde fram som før, i opposisjon, sa Hareide i tala til sitt eige fylkeslag.

– Går vi saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, gir vi SV frivillig den vippeposisjonen vi har i dag, parerte nestleiar Kjell Ingolf Ropstad frå talarstolen.

Trugar med heilblå delegasjon

På årsmøtet i Hordaland har gruppeleiar for KrF i fylkestinget i Hordaland, Beate Husa, føreslått at fylket vel ein primær og ein sekundær delegasjon.

Den primære delegasjonen skal spegle haldninga i årsmøtet og skal sendast om andre fylke følger dette prinsippet. Den sekundære vil vere ein «vinnaren tar alt-delegasjon» og skal sendast til landsmøtet dersom andre fylke ikkje sender representative delegasjonar.

I forkant av møtet varsla Husa at Hordaland kunne kome til å sende berre blå delegatar, om ikkje «raude» fylke som Trøndelag lovde å sende også blå delegatar.

Eit krav fylkesleiaren i Trøndelag KrF, Jon Tviberg, allereie har avvist.

– Situasjonen er dramatisk og vi er uroa for om Hordaland kan bli «nulla» ut, sa Husa til VG.

Også leiar i Bergen vest KrF, Torstein Mentzoni, føreslår at Hordaland vel ein heilblå delegasjon om andre fylke ikkje vel både blå og raude delegatar.

Beate Husa på talarstolen under fylkesårsmøtet laurdag

PRESS: Gruppeleiar for KrF i fylkestinget i Hordaland, Beate Husa, vil sende ein delegasjon med berre blå delegatar, om andre fylke sender berre raude.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Tradisjonelt «blått» fylke

Det er venta at delegasjonen frå Hordaland vil få ei overvekt av delegatar som vil gå inn i regjeringa til Erna Solberg. Fylkespartiet har innstilt ein delegasjon som gir 11–3 til dei «blå».

Fylkesleiar i Hordaland, Dag Sele, støttar Hareide sitt ønske om å forhandle med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Han trur likevel ikkje at han vil få fleirtalet på fylkesårsmøtet med seg.

– Like spanande som å sjå kor stort fleirtalet er, blir det å sjå kor stort mindretalet blir, seier Sele.

For nettopp kor mange «raude» delegatar som får reise til landsmøtet, er blitt viktigare etter at Rogaland valde å sende ei overvekt av blå delegatar, heller enn eit tal som spegla meir nøyaktig kva årsmøtet meinte om regjeringsspørsmålet.

Dag Sele

STØTTAR HAREIDE: Leiar i Hordaland KrF, Dag Sele, vil gå i regjering med Ap og Sp. – Avstanden til Frp er for stor, seier han.

Foto: Elise Angell / NRK

Vil rette opp «feilen» frå Rogaland

I ei lukka gruppe på Facebook, føreslo Sele tidlegare denne veka at fylkeslag med mange delegatar skulle hjelpe til med å rette opp «feilen» frå årsmøtet i Rogaland.

Bergens Tidende skriv at forslaget gjekk ut på at fylkeslag skulle rundt opp i Hareide sin favør, om stemmetalet ikkje gjekk opp i talet på delegatar.

«Det vil jo sjeldan gå helt opp uansett. Dermed kunne vi komme på rett spor igjen, totalt sett» argumenterte Sele i innlegget.

Det skapte reaksjonar i både Rogaland og Agder KrF, som meinte det ville vere å «tippe» valet i raudt favør.

Ifølgje NRKs undersøking av valde og innstilte delegatar, ser landsmøtesalen førebels slik ut:

Kan bli avgjerande

Styret i Hordaland KrF legg opp til at fylkeslaget, i motsetning til Rogaland, skal sende ein representativ delegasjon til landsmøtet som «speglar fylkesårsmøtets syn på samarbeidsspørsmålet».

Og kva prosedyre Hordaland KrF og andre fylkesmøte landar på denne laurdagen, kan bli avgjerande.

Ei undersøking NRK har gjennomført blant 517 medlemmer i fylke som enno ikkje har vald sine delegatar, syner at Knut Arild Hareide kan tape med knappast mogleg margin.

Ifølgje undersøkinga ligg Hordaland an til å sende åtte blå og seks raude delegatar til landsmøtet.

Dette står det om i dag

Dei fem fylkeslaga som held årsmøte i dag, skal til saman velje 52 delegatar til landsmøtet 2. november.

Slik vert dei fordelte:

  • Hordaland: 14.
  • Møre og Romsdal: 12.
  • Trøndelag: 13
  • Sogn og Fjordane: 7
  • Troms: 6

Alle møta kan du sjå direkte på nrk.no frå klokka 10.



[ad_2]
Source link