Multiconsult på Stord har fått eige VR-rom: – Svært effektivt for å luke ut feil



[ad_1]

Foto: Multiconsult
– Annonse –

– Annonse –
– Annonse –

Multiconsult på Stord har teke i bruk eit eige rom for bruk av virtuell verkelegheit (VR – Virtual Reality) i prosjekteringa.

– Når ein nyttar VR i prosjekteringa lukar ein ut feil og manglar før bygginga startar. Målet er å få betre og ofte billegare løysingar, seier avdelingsleiar Erlend Kent i Multiconsult på Stord.

Han fortel om eit heilt nytt VR-rom som verksemda har investert i, for å kunna gi dei tilsette tilgang til eit virtuelt datasimuleringsrom.

Ved bruk av VR-briller kan dei tilsette enkelt kome seg inn i 3D-prosjekterte bygningar og arealområder, og bevege seg rundt i den modellerte løysinga for å få eit visuelt inntrykk av korleis prosjektet blir.

«Alt» kan visualiserast i VR

Bruksområda for VR-rommet spenner vidt – alt frå bustader og kontor, via industrilokaler til veg, kai og hamneområder.

– Alt som kan modellerast i 3D, kan visuelt visast fram i VR. Me bruker i dag VR i alle fasane av eit oppdrag, altså i sal, konseptstudier, detaljprosjektering, ferdigstilling, drift og vedlikehald, sier Kent.

– Annonse –

Prosjektleiar Harry Wiik Waage karakteriserer VR-rommet som «opplysande og svært effektivt».

– Særleg nyttig er det å kunne gå rundt i modellen og sjekke om ein når fram til ventilar, bøye seg ned under kar for å sjå om ein kjem under og liknande. Ein får ikkje det samme utbyttet på ein PC-skjerm, sjølv om det er 3D.

Sparte seg for ein Sverige-tur

Erlent Kent fortel at VR-rommet no vert nytta i samband med prosjekteringa av eit stort smoltanlegg i Sverige. I staden for at entreprenøren Hervik Rør tek turen til Sverige for å sjå byggeplassen, kan dei i staden bruke VR-teknologien på Stord.

– Sidan det er langt dit, inviterte me i staden Hervik Rør til VR-rommet før utarbeiding av byggeteikningane, slik at dei kunne danna seg eit bilete av byggeplassen og starte planlegginga. Dette var svært nyttig då me fekk mange gode innspel frå Hervik som me kunne innarbeide i teikningane, seier oppdragsleiar Eirik Myhre i Multiconsult.

– Annonse –

[ad_2]
Source link