Odd vil tilføre noko nytt til juleplatene – om det gode i verda



[ad_1]

Odd Nordstoga slepper denne veka «Jul», plata han har laga saman med Det Norske Kammerorkester. Der ville han fullføre det han synest han har å bidra med i julemusikken «ein gong for alle».

– Eg ville tilføre noko nytt, eg ville ha med meg røtene mine blant snø og granskog øvst i Telemark, og eg ville ha med det høgstemte og kyrkjelege. Eg ville lage ei plate som tar ein med alle stadar jula tar deg – frå tunet heime til himmelen over Betlehem, seier Nordstoga om tankane bak den nye juleplata.

– Det er dette som er så fint med jula, synest eg; dette nære og heimlege som går opp med det store og universelle i bodskapen om det gode i verda og at mennesket er godt.

Les også: Odd Nordstoga er kløyvd

Juleturné

Odd Nordstoga legg også ut på juleturné saman med Det Norske Kammerorkester, og seier han gler seg.

– Der skal vi spele desse songane, men også litt av det eg har laga til jul før, serier Nordstoga, som no er i vente blant anna til storsalar som Grieghallen, Olavshallen og Oslo Spektrum på i alt 11 konsertdatoar.

Les også: Odd Nordstoga: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal



[ad_2]
Source link