Sviket mot døden – Nyheter, tv og radio fra hele verden



[ad_1]

Ja, og kjærleiken, naturlegvis. Sjølv om «Elsken» er eit etternamn, kling ordet «elsk» automatisk med. På same måte som namnet på hovudpersonen, «Jeg», minner veldig om pronomenet «jeg», i denne romanen som elles er fortalt i 3. person. Forfattaren Tomas Espedal distanserer seg såleis meir enn vanleg frå hovudpersonen denne gongen. Like greitt det, og i tillegg logisk, ettersom det her handlar om den sjølvvalde døden.

Personen som ber namnet «Jeg» har ein uskriven kontrakt med døden: Han skal leve eit siste år før han frivillig gjer ende på livet. Tanken på at alt blir gjort for aller siste gong, gjev mang ein småting rang som det heiter. Livet har mykje det går an å gle seg over. Men kan han bryte kontrakten? Kven svik han i så fall då?

Espedals metode for utforsking av eksistensen

Spørsmåla kan verke underlege, ettersom sjølvmordet gjerne blir forstått som siste løysinga når folk ikkje har noko å leve for lenger. Men det er her den espedalske metoden kjem inn: Espedal skriv ikkje livet sitt, han set det i scene, og så skriv han ned scenene. Han skaper tablå og situasjonar, han lagar reglar og avgrensingar, og så skildrar han det som skjer. Livet blir dermed ein type performativ praksis som ikkje let seg skilje frå kunsten han skaper.

I romanen «Mitt privatliv» (2014) har han ei rekkje foto av skrivebord og under eitt av dei viser han til den franske forfattaren Emmanuel Hocquard: «Forfatteren legger forskjellige ting på bordet, og tingene utløser tekst.» Overflata set djupe spor i kunsten, ja, ho er eit grunnvilkår for at det skal bli kunst. Espedal utvidar denne metoden til andre livsområde som til dømes å gå, eller som i «Elsken», der han let Jeg oppsøkje døden. Resonnementet er stringent og glasklart: Han elskar ei kvinne som ikkje elskar han. Han vil ikkje oppsøkje kjærleiken på ny. Utan kjærleik kan ein ikkje leve. Svaret på reknestykket er døden.

Eit (v) endepunkt i forfattarskapen?

No er som kjent livet ikkje stringent og logisk, og i glipa mellom faste planar og alt det kaotiske livet byr på, piplar det fram både komiske og rørande situasjonar. Pakta med døden må reforhandlast, kanskje.

Den estetisk-performative livskunsten når her ei grense. Om Espedal vil finne andre område å bruke metoden på, eller om han vil gjere meir djuptgripande endringar i forfattarskapen, skal bli spennande å sjå.

«Elsken» er ikkje blant forfattarens beste bøker. Men hjå lesarar som følgjer med på det espedalske prosjektet, fortener denne tynne boka ein plass.

Passar for deg som

  • har sans for den espedalske metoden
  • interesserer deg for døden og for ulike måtar å bruke ordet «jeg» på



[ad_2]
Source link