Utøvarane legg press på Wada – tårevått møte i Det kvite hus – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan



[ad_1]

Den amerikanske 800 meter-løparen blei blant anna slått i OL i 2012 av russiske Marija Savinova, som seinare blei dømde for doping. Ho var ein av ei gruppe utøvarar som var til stades for å fortelje om sine erfaringar, og tok til tårane da ho snakka frå scena.

– Eg vil ikkje at tida skal renne ut for fleire utøvare, sa Montaño.

Skeleton-køyrar Katie Uhlaender meine utøvarane er i stand til å presse Wada.

– Vi må klare å seie frå. I 2018 har vi den sjansen. Det er viktig at vi ser på kvarandre og gjer det vi kan for å bli høyrde, seier Uhlaender.

At utøvarane må få mykje meir å seie, er eitt av dei omfattande reformkrava møtet kom fram til.

Linda Hofstad Helleland hører på bloggere

TIL STADES: – Eg skal ta med meg desse synspunkta, seier Wadas visepresident Linda Hofstad Helleland, som var i Det kvite hus

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Utøvarane har starta marsjen for ei endring til open og uavhengig antidopingarbeid, sa Wadas visepresident Linda Hofstad Helleland på møtet.

Helleland deltok som privatperson, ikkje som Wada-utsending. Ifølgje VG bad Wada-president Craig Reedie henne om ikkje å delta på møtet, men Helleland valde å møte likevel.

Wada kritisk

– Dei uttrykte vonbrot og svekka tillit til Wada. Dette er noko eg kjem til å formidle vidare til organisasjonen, seier Helleland til Aftenposten.

Wada var raskt ute med kritikk av møtet i Det kvite hus.

– Berre den eine sida av saka blei presentert, skriv Wada i ei uttale til insidethegames.biz.

– Det gjeld berre dei som går imot den demokratiske avgjerda i Wada-styret om å ta Russland inn igjen i antidopingarbeidet. Hadde Wada-presidenten eller andre som støtta avgjerda, vore inviterte, kunne det ha gitt diskusjonen eit anna perspektiv, skriv Wada.

Når eg som visepresident, styremedlem Clayton Cosgrove, utdanningskomitéleder Edwin Moses og utøvarkomitéleder Beckie Scott var invitert, så seier det litt om korleis dei ser på saker, når dei seier at ikkje nokon frå WADA var invitert, fortel Helleland til VG.

Vil ikkje trekke støtta

Bakgrunnen er Wadas omstridde vedtak om å ta Russland inn igjen som fullt medlem, trass i at dei enno ikkje har oppfylt krava Wada har stilt sidan Russland blei kasta ut i 2015.

Ei rekke toppidrettsutøvarar har teke avstand frå dette, og den kanadiske tidlegare langrennsløparen Becky Scott trekte seg frå Wada-styret.

Travis Tygart

KRITISK: USAs antidopingsjef Travis Tygart (i midten) gjekk hardt ut mot det han meiner er dobbelrolle for Wada-president Craig Reedie. Han er flankert av USA-administrasjonens antidopingsjef Jim Carroll og Usada-styreleiar Edwin Moses

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Eit anna krav er at leiinga i organisasjonen skal vere uavhengig. I dag er styret samansett av seks frå IOC og seks frå medlemslanda. Presidentvervet går på omgang mellom dei to gruppene. Sitjande president Craig Reedie er frå IOC-leiren. Han må gå av neste år, då skal ny president veljast frå den nasjonale delen av styret.

Det var Jim Carroll, direktøren for den nasjonale dopingkontroll-politikken i USA, som hadde kalla inn til møtet. På spørsmål om USA kan kome til å halde tilbake den økonomiske støtta til Wada, sa han at det førebels ikkje er aktuelt.

– Det er ei absolutt siste utveg, sa han.

Styret i Wada skal møtest i Baku i Aserbajdsjan 15. november.



[ad_2]
Source link