Vil lage storfilm om lokal krigshelt



[ad_1]

Det seier manusforfattar Øystein Wiik til NRK Sogn og Fjordane.

I dag presenterte han sine planar for filmen om krigshelt Martin Linge frå Ålesund saman med initiativtakar Helge Hjelle i Måløy.

Sunnmørsposten har også tidlegare omtalt planane:

– Martin Linge er ein fantastisk person, som utretta mykje under andre verdskrigen. Han er vel verdt ein film, seier Hjelle til NRK.

Motstandsmannen Linge blei drepen under Måløyraidet i 1941, og no er det planlagt ein storfilm om livet hans. Budsjettet er på 70 millionar kroner, og det blir no arbeida med å skaffe midlar til filmen.

– Historia er frå livets side skapt som eit drama. Den har mange av dei klassiske punkta ei spenningshistoria skal ha, det ligg i dei historiske fakta rundt Måløyraidet og livet til Martin Linge, seier Wiik.

Det skal bli ein spennings- og actionfilm som skildrar Linge som person. Den skal etter planen spelast inn i Måløy, der dramaet fann stad. Regissør er Nic Osborne. Filmskaparane ønsker premiere tredje juledag i 2021, som er 80 år etter Linge døydde.

Straks ferdig med biografi om skodespelaren og offiseren som fall i Måløy-raidet

Kven kan ha Linge-brev?

Martin Linge – mannen bak kompaniet – var ein karakter med sterke kjensler. Dette kom til uttrykk i brev forfattaren Svein Linge gjerne skulle fått granska til boka si.

[ad_2]
Source link