[ad_1]
Kronprins Haakon, finansminister Siv Jensen, forsvarssjef Hakon Bruun-Hanssen og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er blant gjestane i bisettinga, som går direkte på NRK 2 og på nrk.no klokka 13.00.
Ålesundaren Joachim Rønneberg, fødd i 1919, blir rekna som ein av dei store norske motstandsmennene under andre verdskrig. Han var lenge den siste attlevande frå Tungtvassaksjonen i 1943.
BISETTING: Joachim Rønneberg blir bisett frå Borgund kyrkje i Ålesund.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Leia Tungtvassaksjonen
MOTSTANDSMANN: Joachim Rønneberg.
Foto: Hjemmefrontmuseet
Rønneberg leia gruppa Gunnerside, som sprengde tungtvassanlegget på Vermork i Rjukan i 1943.
Produksjonen av tungtvatn var svært viktig for tysk atomforsking og dermed eventuell produksjon av atomvåpen.
– Rønneberg gjennomførte ein aksjon som har blitt beundra og studert i alle år etterpå, uavhengig av kva motivet var. Aksjonen var heilt etter boka, sa Arnfinn Moland, etter at Rønneberg døydde.
Moland er historikar og tidlegare leiar av Norsk Hjemmefrontmuseum.
STATUE: I 2014 vart det avduka ein statue av Joachim Rønneberg i Ålesund sentrum.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Hylla internasjonalt
Bortgangen til krigshelten Rønneberg vart også slått stort opp i internasjonal media.
– Joachim Rønneberg, som leia raidet som sletta ei tysk atombombe, dør 99 år gammal, skreiv New York Times.
Tre år tidlegare hadde den amerikanske avisa besøkt Rønneberg i Ålesund.
– Rønneberg redda verda, eller i alle fall bidrog han til at Hitler aldri fekk tak i ei atombombe, skreiv New York Times den gongen.
Også i britisk presse vart bortgangen til den norske krigshelten breitt omtala.
– Han hadde eit større namn i Storbritannia enn i Norge i visse krinsar, seier Arnfinn Moland.
STOR I STORBRITANNIA: Forholdet mellom Joachim Rønneberg og Storbritannia er svært tett. Han var der mellom anna under delar av andre verdskrig. Her er Rønneberg i London i 2013, der han tok imot Union Jack, det britiske flagget, for sin innsats under krigen.
Foto: Nina Eirin Rangøy / NTB scanpix
– Ein av dei store heltane
I 1941, året etter at krigen braut ut i Norge, flykta Joachim Rønneberg til nettopp Storbritannia. Der vart han med i Norwegian Independent Company No. 1, seinare omtala som Kompani Linge.
Etter Tungtvassaksjonen i februar 1943 flykta Rønneberg til Sverige på ski. Han leia mot slutten av krigen Operasjon Fieldfare i Tafjordfjella på Sunnmøre.
– Rønneberg er ein av dei store heltane i norsk krigshistorie. Vi skal minnast han som ein viktig del av motstandsrørsla i Norge, sa statsminister Erna Solberg etter at bortgangen til Joachim Rønneberg vart kjent.
Fortalde historia si
I 1948 starta Rønneberg å jobbe ved NRK sitt distriktskontor i Ålesund. Der arbeidde han fram til han vart pensjonist på slutten av 80-talet.
Lenge var Rønneberg taus om kva han hadde opplevd under krigen. På 70-talet bestemte han seg derimot for å fortelje meir om opplevingane sine.
– Etter kvart kom eg til at folk hadde krav på eit svar. Det er viktig at vi alle kjenner til det som er skjedd. Då er det lettare å ta dei rette vala i framtida. Dei som veks opp i dag må forstå at vi alltid må vere villige til å kjempe for fred og fridom, sa Rønneberg.
I 2015 sende NRK dokumentaren «Den siste sabotøren».
MINNEPROTOKOLL: Norges veteranforbund for internasjonale operasjonar avdeling Sunnmøre har sette opp kondolanseprotokoll for Joachim Rønneberg sist veke.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
[ad_2]
Source link