[ad_1]
Ikkje berre kan 44 år gamle Stacey Abrams bli den første svarte kvinna til å bli guvernør i Georgia, men faktisk den første i heile USA. Forskar Svein Melby ved Forsvarets forsvarsinstitutt trur guvernørvalet i Georgia blir jamt og spennande.
Når veljarane i sørstaten Georgia går til urnene for å velje ny guvernør 6. november står valet mellom Stacey Abrams frå Det demokratiske partiet og Brian Kemp frå Det republikanske partiet. Abrams tilhøyrer venstresida i sitt parti, medan Kemp står på lina til president Donald Trump.
Han karakteriserer seg sjølv som ein «politisk ukorrekt republikanar».
Usamde om det meste
Det betyr at dei to kandidatane er usamde om det meste. Dei kranglar om utdanningspolitikk, helsepolitikk, innvandring, våpenlover og arbeidstakarar sine rettar. Tidlegare president Barack Obama gir full støtte til Stacey Abrams, medan Trump legg si tyngde bak Kemp.
Også den tidlegare presidenten Jimmy Carter, som no er 94 år, har kasta seg inn i valkampen hennar. Carter var guvernør i Georgia frå 1971 til 1975.
Abrams har også fått støtte i valkampen frå Hollywood-kjendisar som Will Ferrell, Denzel Washington, Jada Pinkett Smith, Ben Affleck og Meryl Streep, ifølgje Vanity Fair.
Brian Kemp har karakterisert valet som «ein kamp om sjela til delstaten Georgia».
44 år gamle Stacey Abrams er utdanna jurist frå Yale. Ho er fødd som eitt av seks sysken i ein familie i Gulford i nabostaten Mississippi. Ho har hatt leiande roller for Det demokratiske partiet i delstatskongressen i Georgia i mange år, samstundes som ho faktisk er ein prisvinnande forfattar under pseudonymet Selena Montgomery.
Ifølgje den britiske avisa
har ho gitt ut åtte romantiske spenningsromanar.
Satsar på Atlanta
Abrams håpar at støtta frå innbyggjarane i den stadig viktigare storbyen Atlanta skal sikre sigeren for henne. Byen har hatt ei rivande utvikling dei siste åra, og blant skyskraparane i Atlanta Skyline finn vi hovudkvartera til blant anna CNN og Coca-Cola.
Flyplassen i byen blir rekna for å vere den travlaste i USA.
Atlanta er også heimbyen til borgarrettsforkjemparen Martin Luther King, og delstaten Georgia var i mange år prega av knallhard raseskiljepolitikk og ei brutal undertrykking av dei svarte.
I perioden mellom 1877 og 1950 var det registrert 589 lynsjingar i delstaten, og berre delstaten Mississippi hadde fleire.
Tett og jamt
Den største utfordringa hennar er å få folk til å registrere seg som veljarar, og ho brukar mykje tid på dette i valkampen. Ho veit at ho vil tene på at fleire svarte registrerer seg. I USA må ein registrere seg som veljar for å kunne delta i eit val.
Meiningsmålingane tyder på at det blir jamt mellom dei to kandidatane. Abrams gjer det best på nokre målingar, mmedan Kemp er i føringa på andre. Den siste veka inn mot valet kan bli avgjerande.
Seniorforskar ved Institutt for forsvarsstudiar, Svein Melby, seier til NRK at Stacey Abrams har ein viss sjanse til å vinne guvernørvalet. Han fortel at Georgia dei siste tiåra har vore gjennom ei betydeleg økonomisk utvikling, spesielt i og rundt Atlanta.
– Den gamle raseproblematikken er ikkje like framståande lenger, spesielt ikkje i Atlanta. Mange valanalytikarar meiner at demokratane på delstatsnivå er meir konkurransedyktige enn i mange andre sørstatar. Vi ser litt av same utviklinga også i Virginia og Nord-Carolina, seier han.
Han meiner likevel at Georgia er ein stat som tenderer i republikansk retning, men at med ei skikkeleg mobilisering av svarte veljarar, så kan Abrams vinne.
– Dette er ein spennande del av mellomvalet i USA. Atlanta har blitt styrt av demokratane i mange år, så det blir interessant å sjå om det vil skje også på delstatsnivå, avsluttar Melby.
[ad_2]
Source link