Trump med kraftige angrep på Macron – NRK Urix – Utenriksnyheter og -dokumentarer



[ad_1]

– Make France great again, står det i den siste av fleire Twitter-meldingar frå USAs president tysdag formiddag.

Macron åtvara mot nasjonalisme

USAs president Donald Trump går kraftig ut mot sin franske kollega etter at Trump besøkte Frankrike i helga for å markere 100-årsdagen for første verdskrig. Der haldt Macron ein tale kor han åtvara mot auka nasjonalisme og kalla det eit svik.

– Eg ser at gamle demonar er i ferd med å komme til overflata igjen, åtvara Macron.

Den franske presidenten nemnde aldri namn, men mange meinte kommentaren var retta mot mellom andre Vladimir Putin, Donald Trump og Brexit-avgjersla.

I dag kjem president Trump med kraftig motskyts på Twitter.

«Det er ingen land som er meir nasjonalistiske enn Frankrike», står det i slutten av den eine av fleire meldingar frå Donald Trump.

Kranglar om europeisk hær

Han bruker også tid på å forklare at Macrons tale var eit forsøk på å få merksemda bort frå hans låge popularitet i Frankrike. Trump skriv berre 26 prosent av alle franskmenn er nøgd med Macrons innsats, og at arbeidsløysa er på nesten ti prosent.

Trump kritiserer også Frankrike for å gjere det vanskeleg for USA å importere vin, og han tek opp igjen stridsøksa som han og Macron forsøkte å gravlegge før søndagens markering.

På tysdag kritiserte Trump Macrons plan om å bygge ein europeisk hær. Macron tok i førre veke til orde for ein slik idé. Ein slik hær kan, ifølge Macron, gjere europeiske land mindre avhengige av USA, og kan også beskytte mot USA.

Macron: – Misforstått

Dette har fått Trump, som styrer landet som er ein viktig alliert av Europa, til å reagere kraftig.

– Veldig fornærmande, tvitra Trump, mens kontoret til Macron sa at den franske presidenten var blitt feiltolka.

Då dei to møttest i helga var dette eit tema, og på pressekonferansen etterpå gjentok Macron at han hadde blitt misforstått.

[ad_2]
Source link